Senk skuldrane, kople ut kvardagens mas, og ta inn ny energi i vår frodige og avslappande atmosfære på STRÅ. Me ønskjer at alle skal ha ein god følelse av å vere her! STRÅ er ein øko-salong med fokus på miljø, derfor har me kun produktar som er økologisk, hud-og dyrevennleg. Bra for oss, bra for miljøet og bra for deg!
Behageleleg og frodig atmosfære, servering med deileg nykverna kaffi med noko attåt, gjer eit godt utganspunkt! Det at me arbeidar med økologiske produkt, gjer miljøet og lufta reinare, og fri for skadelege gassar. Me diggar gjenbruk, og mesteparten av salonginventaret er kjøpt brukt eller er heimelaga. Me kjeldesorterar plast, papir og glas, me brukar minst mogegelg eingangsplast, og produkta me førar er økologiske, veganske, miljøvennlege og ikkje testa på dyr.
Produkta me arbeidar med er fri for bla a. ammoniakk, PPD og recorcinol, godt for både oss og miljøet.
Med fokus på bærekraft, miljø, inkludering og kreativitet, er STRÅ ein økosalong, der du er med på å redusere avtrykket ditt, når du vel å bruke oss.
Oway er den fyrste hårpleieserien som brukar essensielle oljer, hydrolater og reine mikroniserte plantar. Oway er inspirert av biodynamisk filosofi, respekt for planta, 100% naturleg dyrking av jorda og utvinning av dei aktive ekstrata dei produserar på sin eigen gard Ortoffcina. Oway brukar kun naudsynt emballasje for å redusere miljøbelastninga. Dei brukar ikkje plast, og produkta kjem i amberfarga farmasøytisk glas eller aluminium, som begge er 100% gjennvinnbart.
Oway inneheld kun naturlege ingrediensar, og er fri for:
-SlS/BG
- Parabener
- PEG/PPG/BG
- Mineraloljer
- Kunstige fargestoff
- Syntetiske dufter
NB! Før alle store lysningsprosjekt som t.d balayage/foilayage/heilbleiking og du ikkje er tidlegare kunde hjå oss, krev me ein konsultasjonstime i forkant av lysningsbehandlinga. Dette er for å fastsette tidsbruk, og for at frisør og kunde skal bli trygge på kva som er ønskjeleg og realistisk i henhald til utgangspunkt.
Alle lysningsbehandlingane inkluderar korrigering/glossing.
NB!
Kort hår = ned til nakke . Langt hår = frå skulder eller lengre.
Nikolai Astrups Veg 3, 6847 Vassenden
Epost: straa@stinevee.com Tlf: 40890212, spør etter Stine
Opningstidene mine varierar i takt med bestillte timar, men eg er alltids tilgjengeleg på mail og tlf, om eg ikkje er på salongen.
Copyright © 2024 Stinevee - Med enerett.
Enkelte bileter er henta frå Oway.It
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.